Vi i Sogn U40, i samarbeid med Sogn Næring og Høgskulen på Vestlandet, inviterer deg til ein spennande og viktig workshop. Sogn Næring er i gang med eit omfattande profil- og merkevareprosjekt på vegne av Sogn kommunale oppgåvefelleskap, og vi treng din hjelp for å forme framtida til regionen vår.
Prosjektet har til no samla verdifull innsikt gjennom dybdeintervju med alt frå næringslivsleiarar til politikarar, ein omfattande digital spørjeundersøking, og bygdeworkshoppar i alle kommunane. No er det på tide å kvalitetssikre desse funna, og det er her DU kjem inn.
Denne workshopen gir deg ikkje berre moglegheita til å påverke den vidare utviklinga av Sogn, men også til å setje eit konkret mål og visjon for korleis framtida vår skal sjå ut. Dette er ein unik sjanse til å forme regionen vår, og vi trur dette er den viktigaste workshopen du kan delta på i år!
Har du eit brennande engasjement for Sogn og framtida vår, så må du ikkje gå glipp av denne moglegheita. Vi ser fram til å sjå deg i Sogndal den 9. september!
Påmelding
Hvem kan melde seg på?
Dette arrangementet er bare for medlemmer.
Er du ikke medlem? Bli medlem.
Meld deg på
For at du skal kunne melde deg på må vi vite hvem du er.
Velg ønsket innloggingsmetode
Er det noe du lurer på er det bare å ta kontakt!
Kontaktperson: Henrik Skyttermoen
E-post: henrik@sognnaring.no
Telefon: 93620411